|
LAURDAG 19.11.11: NOK EIN SUKSESS MED HERØY JANITSJAR
Frå Herøynytt: Blues Brothers leverte
Frå Vestlandsnytt: Herøy Janitsjar i toppklasse. Botnsolid av Herøy Janitsjar
Klikk på bileta nedanfor for å opne avisa (PDF ca. 2 MB kvar side)


LAURDAG 19.NOVEMBER - HERØY KULTURHUS, kl 1900:
The Blues Brothers and The Commitments:
I midten av november, nærare bestemt laurdag 19.november, skal Herøy Janitsjar saman med band, solistar og kordamer presentere ein del av musikken frå filmane om The Blues Brothers og The Commitments. Dette var musikk som gjekk som ei “landeplage” over fleire år både på film, DVD, TV, CD, radio og andre media.
Laurdag 3.september under Makrellfestivalen vil du få oppleve ein liten smakebit av prosjektet om Bluesen si storheitstid frå storscena på Allmenningskaia med full lydpakke.

The Blues Brothers
Ein amerikansk action-komedie og kultfilm frå 1980 med John Belushi og Dan Aykroyd i hovudrollene som «Joliet» Jake og Elwood Blues. Regien var ved John Landis.
Handlinga i filmen er kort fortalt denne:
For å redde barneheimen der dei vaks opp, må dei to småkriminelle brødrene Jake og Elwood skaffe $5000 som barneheimen skylder i skatt. Dei får greie på at kyrkja har trukke tilbake støtta til barneheimen som vil kome til å verte selt dersom ikkje eigedomsskatten vert betalt innan elleve dagar. Og ettersom pengane dessverre må skaffast på ærleg vis, ser dei inga anna mulegheit enn å samle sitt gamle rhythm & blues-band. Dei klarer omsider å skaffe til veie pengane, men klarer samtidig å erte på seg både politi, nasjonalgarden, eit rivaliserende countryband (The Good Old Boys) og ei nazi-gruppe. I tillegg til dette vert dei begge forfulgt av ei mystisk kvinne som ser ut til å ta alle midlar i bruk for å få has på dei to. Det heile kulminerer i ei massiv biljakt der brødrene har mesteparten av delstatspolitiet i hælane.
Filmen er kjent både for musikken og den spektakulære biljakten på slutten. Den regnast i dag som einkultfilmav mange, og blir stadig sendt på diverse TV-stasjonar verda over. Ein populær sountrack-album vart også utgitt i kjølvantet av filmen.
The Blues Brothers vart ein publikumssuksess som spelte inn over 100 millionar dollar.
Filmen vann i 1981 ein Golden Reel Award for beste lyd og lydeffektar.
The Commitments
Dublin treng soul-musikk, meinar arbeidslause Jimmy Rabbitte. Og i staden for å sitje med hendene i fanget, dannar han eit band. Han skrapar saman kjentfolk frå amatørorkesteret på den lokale dansebula, og averterer i avisen etter øvrige musikarar. Heime i stua til foreldra held han opptaksprøver. Faren mislikar det heile. For han finnast det berre ein gud - Elvis. Han heng i glas og ramme på veggen – over bildet av paven. I disse noko fiendtlege musikalske omgivelsane avleverer så ei rekke unge sine talent – eller mangel på slike. På ein eller annan overjordisk måte, får Jimmy sitt band. Med innlånte pengar frå ein lokal lånehai, skaffar dei instrument. Og eit gammalt nedstøva danselokale over ein biljardsalong blir øvingslokale.
”Have you got Soul? Om du har det, så søkjer verdas mest hardt-arbeidande band etter deg”.
Snart får dei sine første spelejobbar.....og etter kvart vert musikken digga over det ganske land og vidare ut i verda. Film, CD og DVD kom også.
Oscar-vinnande Alan Parker sin film om eit soul-band sin vekst og fall tok verda med storm, og blei ein sjåarsuksess og ein musikal-klassikar ein ikkje hadde sett maken til på mange år.
Herøy Janitsjar er eit janitsjarorkester på nærare 40 musikantar. Bandet som er med i prosjektet, består av Nasko Nikolajev (keybord), Dan Åsebø (gitar), FrodeSollid (el- bass), Glenn Huldal (slagverk).
Solistar er: Trygve Sætre og Øyvind Lied.Kordamer: Olgunn Torvanger, Karina Grimstad, Wenche Voldsund,Heidi Kopperstad Frøystad og Sølvi Nerem Berg. Dirigent er: Øyvind Granden Berg
Det er berre å begynne å gle seg….
|