

Herøy Janitsjar brukar lokal leverandør til nye instrument
Min Musikk i Fosnavåg har levert nye flotte instrument til Herøy Janitsjar.
- Investering i nye instrument er ein del av strategien vår med å satse på kvalitetslyd, seier Andreas Kvalsund. – Vi treng også fleire musikantar i korpset, og med å investere i nye instrument, vil vi kunne ha ledige instrument klar til andre som ynskjer å spele i lag med oss, seier Kvalsund vidare. - Det at vi kan bruke lokale leverandørar til slike storinnkjøp, er for oss ei særs god løysing, og når Min Musikk i tillegg kan konkurrere både på pris og service, seier det seg sjølv at vi ikkje treng å gå over bekken etter vatn.
- Det at vi har fått så god støtte frå Sparebanken Møre og Sparebank1, gjer at vi kan ta eit slikt løft no, seier han.
For det er ikkje noko blekkskraml som er innkjøpt: Eit nydeleg Euphonium, ein TenorSax og eit par Trompetar, alle av merka Yamaha. I tillegg vart det innjøpt 3 Walthorn i fjor. Tilsaman utgjer dette ei investering på godt over 100.000,-.
- Ei god investering, seier Kvalsund, som repliserar at det å få seg eit nytt instrument nok er med på å motivere til meir øving.
Herøy Janitsjar var 20 år i 2012, og feira dette med stor konsert på Herøy Kulturhus laurdag den 2. juni kl. 18.00
Her var det utdrag frå suksessforestillinga The Blues Brothers, The Commitments, diverse storbandmelodiar, m.a. Frank Sinatra-låtar, fleire flotte solistnummer med dyktige blåsarar frå eigne rekker og nokre feiande, flotte marsjar.
I tillegg var Øyvind Lied, Trygve Sætre og Sølvi Nerem Berg gode solistar i lag med korpset, og saman med kordamer og skikkeleg lyd/lys var dette ein skikkeleg flott konsert. Konferansier Odd Kåre Wiik leia jubileumskoniserten med lun humor
Tolvtetten hadde også ei flott avdeling og bidrog til å gjere dette til ein uforgløymeleg kveld.

Herøy Janitsjar med gjestar inviterar til konsert i Herøy kyrkje, 3.mars kl 1800.
Herøy Janitsjar har dei siste åra bygd opp eit godt renommé og er rekna for å vere eit kvalitetsorkester gjennom leiinga til dirigent Øyvind Granden Berg
Gjestar på denne konserten vert:
Vyrde Manskor
Elise Nærø
Copyright © Herøy Janitsjar