Vi er også på facebook. Klikk på logoen:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dirigent for Herøy Janitsjar er
Øyvind Granden Berg, ein dyktig inspirator og musikar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

20 ÅRS JUBILEUMSKONSERT PÅ HERØY KULTURHUS, LAURDAG 2.JUNI KL 1800

Herøy Janitsjar er 20 år i år, og vi feirar dette med ein stor konsert på Herøy Kulturhus laurdag den 2. juni kl. 18.00

 

Klikk på biletet nedanfor

 

 

NOK EIN SUKSESS MED HERØY JANITSJAR:

Klikk på biletet nedanfor

 

 

INVITASJON

Herøy Janitsjar med Øyvind Granden Berg som dirigent, ynskjer å invitere deg med på laget.

Vi er ca 35 medlemar, men ynskjer å verte fleire. Vi ynskjer særleg treblåsarar  og trombonistar velkomne, men alle er sjølvsagt like velkomne!

Vi har musikantar frå 16 til 70 år så alder er inga hindring.

Vi har det svært kjekt i lag, og frå tid til anna arrangerer vi sosialt lag. Ut på hausten skal vi m.a. arrangere krabbefest.

Eit og anna prosjektet satsar vi også på, som sist sesong med Jesus Christ Superstar. Denne sesongen vert meir eit normalår med  m.a. innøving av nytt stoff. Hausten 2011 har vi planar om The Blues Brothers.

Vi har øving kvar måndag kl. 19:30 til 22.00 i Fritidsklubblokala på Kulturhuset.

Er du interessert, så ta kontakt med leiar Andreas Kvalsund, 90680145 / email:: andkvals@online.no , eller nestleiar Rune Paulsen, 95087377 / email: : rune@xpro.no

Eller berre møte opp på ei øving.

Har du ikkje instrument, vil vi vere behjelpeleg med det.

 

Musikalsk helsing frå  styret i Herøy Janitsjar


 

 

Nytt pr. 25.08.10: Herøy Janitsjar med ny framsyning av Jesus Christ Superstar i Volda Kyrkje, laurdag 6. november.

 

Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette etter kvart, men det er altså beslutta å sette opp suksessen i Volda kyrkje. Omtrent alle deltakarane som var med i Herøy kyrkje stiller opp, og dersom interessa er stor nok, vil vi sette opp to framsyningar laurdag 6.november.

 

 

 

Sunnmørsposten: "Ein stjernekveld"

Vikebladet/Vestposten: "Glitrande Superstar i Herøy Kyrkje"

 

Sjå fotoalbum med bilder frå generalprøve og framsyning her:

 

 

 

 

 

Herøy Janitsjar er eit janitsjarkorps skipa i 1992 etter at Leikong Janitsjar og nystarta Herøy Ungdomskorps slo seg saman.

 

Korpset har tidlegare gjort fleire større prosjekt som Jesus Christ Super Star, Abba, The Commitments. Pga vanskar med å få dirigent, var korpset ute av drift i perioda 2003-2007. No er korpset på god veg til gamle høgder med Øyvind Granden Berg som dirigent og inspirator.

 

I dag har Herøy Janitsjar omlag 25 aktive medlemar i alderen 16 til 60 år. Desse er grunnstamma i arrangementa som vert sett opp, og korpset satsar friskt vidare med oppsetting av musicalen Jesus Christ Superstar i Herøy Kyrkje den 10.april 2010.  Dette prosjektet krev at ein utvidar med fleire blåsarar, perkusjon, band, dansarar, kor og solistar. Det meste av dette er allereie på plass, men det hadde vore flott med fleire messing- og treblåsarar. Ta gjerne kontakt med korpset ved Andreas Kvalsund på andkvals@online.no eller 90680145 dersom du er interessert i å vere med på dette. Sjå også korpset si heimeside på www.heroyjanitsjar.org for meir informasjon.

 

Elles stiller korpset opp på konsertar og arrangement ved høve, og vil sjølvsagt kunne ta på seg oppdrag dersom lokale reiarlag eller andre ynskjer frisk korpsmusikk til eit arrangement.

 

Herøy Janitsjar er eit tilbod til både unge og eldre musikantar som ynskjer å vidareføre hobbyen sin, og med dyktig dirigent og leiing, er dette både kjekt og meiningsfylt.

 

Dette bildet er frå konserten vi hadde i den nye pavilliongen i Fosnavåg sentrum, 13.06.09. Sjå også her for fleire bilder og info om den konserten:

 

 

 

 

Herøy Janitsjar sin tombola under Pavilliongkonserten den 13.06.09: